Fagstoff · Manifest

Kontroll på KI

Eit prinsipprogram for kontekstarkitektur. Av Are Halland / Kjernekaren, februar 2026.

Kven dette er for

For deg som jobbar med KI kvar dag

Du skjønar at det er nyttig, men slit med å finne forma. Du leitar etter den perfekte prompten, men resultata varierer. Du treng ikkje fleire verktøy. Du treng eit system.

For deg som leiar folk som brukar KI

Du ser at folk eksperimenterer, men ingen gjer det likt. Det du treng er ein arkitektur som sikrar at KI-verktøya i organisasjonen drar i same retning.

For deg som er skeptisk

Du kan hate KI. Du kan kritisere KI. Og det er bra. Men om du ikkje har brukt det, kan du heller ikkje påverke retninga det tek.

Kva eg trur på

13 prinsipp

01

Den perfekte prompten finst ikkje

Prompten er ikkje problemet. Problemet er kvar du startar. Det som trengst er eit system der KI-en allereie veit det den treng å vite.

02

Eit system som fungerer, kvar dag

Eit promptbibliotek er ei oppskriftsbok du aldri lagar mat av. Eit system er eit kjøkken som fungerer. Kvar dag.

03

Dette er arkitektur, ikkje engineering

KI er ikkje berre eit IT-prosjekt. Dette er informasjonsarkitektur: riktig informasjon, rett stad, rett tid, for ein ny brukar.

04

KI gløymer, og det er eit kontekstproblem

Kvar samtale startar på null. Løysinga er ikkje ein lengre prompt, men ein arkitektur som hugsar.

05

KI forsterkar, men du bestemmer

KI kan gjere deg betre på det du er god på, eller forsterke feila du ikkje visste du hadde. Du må vite kva godt ser ut.

06

Kvalitet er ein arkitektur, ikkje flaks

Workslop er polert innhald utan substans. Anti-workslop krev kvalitetsportar, verifikasjon og evaluering.

07

KI lyg, men ansvaret er ditt

Systemet må vere bygd for kjeldesjekk, verifikasjon og menneskeleg kvalitetskontroll.

08

Styring slår opprydding

Definer kva du vil før KI-en startar. Styr undervegs. Før læringa tilbake i systemet etterpå.

09

Det du ikkje deler, kan ikkje skalerast

Når måten de brukar KI på sit i hovudet på kvar enkelt, har organisasjonen eit systemproblem.

10

Modelluavhengigheit er ein disiplin

Kontekstfiler, kunnskapspakkar og rutinar skal flytte med deg når verktøya endrar seg.

11

Du er sjefen, KI er medarbeidar

Leiarar set retning, delegerer ansvar og kontrollerer resultat. Dei mikrostyrer ikkje kvar setning.

12

Berekraft er designval

Bruk tyngre modellar der det tel, lettare der det held, og bygg arbeidsflytar som ikkje sløser.

13

Kvardagsinnovasjon er målet

Målet er ikkje at autonome agentar skal erstatte menneske. Målet er å bruke KI til å bli litt betre, dag for dag.

Kva eg byggjer

Eit system der KI spelar deg god, og omvendt

Eg byggjer system der KI-en kjenner konteksten din, respekterer kvalitetskrava, kan få ansvar utan mikrostyring og blir betre for kvar oppgåve. Alt skal vere portabelt. Ingenting skal vere låst til éin leverandør.