Personvern

Korleis eg handterer dine opplysningar

Kort fortalt: Eg samlar inn så lite som mogleg, lagrar det berre så lenge eg treng det, og deler det ikkje med andre enn dei eg må for å levere tenesta.

Sist oppdatert: 18. august 2026

Kven er behandlingsansvarleg?

Are Halland / Kjernekaren AS

Org.nr. 927 817 604

E-post: are@kjernekaren.no

Telefon: 908 70 026

Kva data samlar eg inn?

Nyheitsbrev: Når du melder deg på, lagrar eg fornamn og e-postadresse via MailerLite.

Bookingar: Når du bookar kaffiprat eller coaching, går du gjennom Cal.com. Dei lagrar namn, e-post og opplysningar du oppgir i skjemaet.

Nettsida: Eg brukar Cabin Analytics til enkel, anonymisert bruksstatistikk. Cabin set ikkje informasjonskapslar og lagrar ikkje personidentifiserande data. Eg brukar ikkje annonsepiksel. Les meir om personvern hos Cabin.

Dine rettar

Du kan be om innsyn, retting, sletting eller tilbaketrekking av samtykke. Send e-post til are@kjernekaren.no, så ordnar eg det.

Du kan også klage til Datatilsynet om du meiner behandlinga er feil.