Kontekstamnesi
Det kjennest som å få ein ny vikar kvar morgon. KI-en hugsar ikkje kva den treng for å hjelpe deg godt.
Eg hjelper kunnskapsarbeidarar, team og leiarar å gå frå tilfeldig prompting til systematisk KI-arbeid med felles kontekst, betre kvalitet og mindre workslop.
Høyres dette kjent ut?
Når kvar person promptar på sin måte, blir også resultata ulike. Når teamet manglar felles kontekst, kvalitetskrav og læring tilbake i systemet, blir KI-bruken vanskeleg å styre.
Det kjennest som å få ein ny vikar kvar morgon. KI-en hugsar ikkje kva den treng for å hjelpe deg godt.
Nokre svar er glimrande. Andre er polert søppel. Problemet er ofte tilfeldig prompting, ikkje manglande magi.
Femten personar brukar KI på femten måtar. Det som fungerer hos ein person, blir ikkje delt, kvalitetssikra eller bygd vidare på.
Løysinga
Kontekstarkitektur er informasjonsarkitektur for KI-alderen: riktig informasjon, rett stad, rett tid, for både menneske og språkmodellar.
Kva skal KI-en alltid vite, kva skal lastast ved behov, og kva må haldast utanfor?
Korleis skal menneske og KI veksle mellom retning, utføring, kontroll og fagleg dømmekraft?
Kvar skal ny innsikt tilbakeførast, slik at systemet blir betre etter kvar oppgåve?
System slår triks. Kontekst slår prompts. Mennesket leiar.
Tenester
Du treng ikkje fleire promptar. Du treng eit oppsett som gjer at verktøya skjønar rolla, faget, kundane og kvalitetskrava før arbeidet startar.
For leiarar og team som treng eit klart bilete av dagens KI-bruk, risiko, moglegheiter og kva som bør byggjast først.
For team som vil slutte å bruke KI på kvar sin måte og heller byggje eit delt system for kontekst, stil, kvalitet og læring.
For vidarekomne miljø som vil gå frå chat-tennis til styrte arbeidsflytar med mål, verktøy, sjekkpunkt og tilbakeføring.
Case
Ein norsk bransjeorganisasjon hadde varierande KI-kompetanse, juridisk komplekst innhald og behov for konsistent språk. Løysinga var spesialiserte KI-assistentar, kontekstfiler for fagområda og ein arbeidsflyt der kvalitet blir styrt før publisering.
Kven er eg?
Kontekstarkitekt. Kjernemodellskapar. Kjernekar.
Eg har brukt 30 år på informasjonsarkitektur, innhaldsstrategi og digital design. Kjernemodellen er brukt av produkt- og innhaldsteam over heile verda.
Dei siste tre åra har eg jobba dagleg med KI som strateg, ikkje som teknolog. Det eg har lært: KI fungerer, men berre med system.