Vegen vidare
Dette er berre starten
Dokumentet du lagar kan du laste inn i nye chattar og prosjekt for ein betre start på neste KI-samtale. Hald det oppdatert og utvid det med jamne mellomrom - då kan du òg skifte språkmodell ved behov og ha same utgangspunkt. Men det er berre ein start. Med dokumentet i botnen kan du:
- utvide med ein stemmeprofil som skriv som deg
- byggje spesifikke prosjektkontekstar med mål og avgrensingar
- få KI til å oppdatere og utvide dette og andre dokument sjølv
- lage skills og kunnskapspakkar med stil og tone for verksemda, metodikk og juridiske avsjekkar
- lage koplingar til eksterne system, og gi KI eit vegkart for å finne riktig bakgrunnsinformasjon
- setje opp ein felles kontekstarkitektur for teamet, med all relevant innsikt tilgjengeleg
- lage automatiserte arbeidsflytar for kjedelege oppgåver, og agentiske arbeidsflytar for det meir komplekse
Å byggje dette går mykje raskare med nokon som har gjort det før. Eg tilbyr coaching i KI-bruk - enkelttimar og klippekort - og rådgir bedrifter og organisasjonar av alle storleikar med å implementere KI på ein måte som varer.
Kven er eg
Are Halland
Eg har jobba med digital strategi, innhald og design i 30 år. Eg lanserte kjernemodellen i 2006, og rammeverket er brukt av produkt- og innhaldsteam over heile verda.
No hjelper eg folk og verksemder med å få kontroll på KI-en sin gjennom kontekstarkitektur. Kort sagt: eg hjelper deg å byggje system, ikkje samle triks.